søndag 13. september 2009

Roterom vart leikerom


Vi har eit rom som i utgangspunktet var gjesterom, men som vi har brukt til å legge frå oss alt som vi ikkje har hatt tid til å sortere endå eller ting som vi har rydda vekk frå andre rom. Sånt blir det merkelig nok utruleg mykje rot av!

Vi har jo hatt litt ruskevêr dei siste vekene her på Sunnmøre, så då gjorde eg dette rommet til mitt "inne-i-ruskevêret-prosjekt" og laga eit leikerom til gutane, eller no er det mest til Sverre og når han har venner på besøk.

Vi har aldri hatt gjester på dette rommet og så har vi uansett eit anna gjesterom som vi har brukt dei få gongane nokon har overnatta. No blir rommet brukt kvar dag, og det er mykje lettere å halde både Sverre sitt rom og ikkje minst dette rommet ryddig! :)

3 kommentarer:

beaterl sa...

ett sånnt gjesterom/kontor he ej mæ:/ men d gjeng nesten ikkje ann å gå inn der . allt ej ikkje veit kar ej ska gjer ta hiv ej inn dit:/ men no når ej såg ka fint leikerom dokke he fått so vart ej litt frista til å hive mej på oppgåvå :)

Solveig sa...

So flott det vart da! Veldig praktisk med et leikerom. Oss he ikkje det i hovedetasjen, men på loftet. Ha vør veldig kjekt å hatt det i hovedetasjen med, men samtidig greit å sende ungane opp på loftet når dei skal leike no når dei he blitt so store ;-)

Nina sa...

Ja, d va kjekt med leikerom, men nokre ting he en tendens te å komme inn på støvå endå da...Tek sikkert litt tid å bli vant te en fast plass å leike seg! :)