lørdag 12. september 2009

Utendørs prosjekter

Tidlegare i vår og sommer starta vi på nokre prosjekt som vi har tenkt på ei stund. Blant anna to støttemurer og ein gangsti rundt huset. Og det har skjedd ting sidan vi starta på desse prosjekta og her er dei foreløpige resultata:


Dette er støttemuren bak huset. Den er heile 22 meter lang! Ragnar kom for å hjelpe oss (som vanlig :)) med fundamentet og første rasta og etter det klarte Ivar seg kjempegodt sjølv med litt hjelp av Sverre da. ;) Fem høgder er det på denne muren. Nede i høgre bildekant ser de starten på ei trapp som skal byggast i samme stein som muren.
Støttemur 2 er ikkje så lang som denne, men den skal ha 7 eller 8 høgder. Den har Ivar kome godt i gang med allereie, og 4 høgder er på plass. Den er til ein uteplass vi skal lage oss med ei utestove på. Planane er ikkje heilt klare der endå da. No skal berre støttemuren på plass først så er vi fornøgd for i år. :)


Gangstien er ikkje heilt ferdig endå, men det er gjort store framsteg her ôg! Det som står igjen her er å plassere tråkkhellene eg har funne på tomta der dei skal ligge og plante kryptimian rundt dei.
Timian, eller thymus, var nesten ikkje å oppdrive no på hausten når det er salg på slikt, så det får eg heller handle inn til våren igjen. Det skal ein god del av dei til for å dekke området der, sjølv om det skal vere litt avstand mellom dei, så det hadde vore greitt å kjøpe dei på slag, menmen. Ein kan ikkje få alt her i verda! ;)

3 kommentarer:

Solveig sa...

So flott dåkke he laga det te rundt huset da! Dinna muren va no berre kjempefin. Sikkert nokre tima med arbeid bak den, kan ej tenke mej. Det vart i alle fall kjempeflott :-)

Nina sa...

Ja, d he gått me nokre kvelda her...men d e no kjekt å sjå at ting tek form iaffal! :)

Linda sa...

Ej syns d he gått kjempefort me dåkke ej...
Dåkke hadde no sovidt komt i gang sist gang oss va me dåkke. Såg skikkeli fint ut ;)