onsdag 14. januar 2009

Det er noko med leiker som skal pakkast vekk...

Eg har tatt for meg rommet til Sverre og rydda ut det som han ikkje har vist so mykje interesse for, kasta det som var ødelagt og plassert inn dei nye leikene han fekk til jul. Det var på tide, for rommet til Sverre har vore litt overfylt med alt mulig rart, så han syntes det var kjempegreier å endeleg få eit ryddig rom igjen!
Men det var best å ikkje vise han nettet med det som skulle kastast, for Sverre sparer på alt, og det hadde fort funne vegen tilbake til rommet om han hadde fått snusen i det...det er vel ein grunn til at rommet var overfylt med alt mulig rart også, hehe. :)

Men det er rart med det som skal pakkast vekk, for det blir plutselig så kjekt å leike med det igjen!

Sverre har tre sjørøverskuter, men berre plass til to på hylla, så denne vart plukka ut til å pakkast vekk sidan den ikkje har vore leika med på månader(!). Men som sagt så var det plutselig den som var i vinden.. :)
Ivar ser ikkje svart på å leike sjørøver han heller ;) Det er vel ein grunn til at Sverre har tre skuter, hihi. :)

Ingen kommentarer: