søndag 25. januar 2009

Nok ein flott søndag!

I dag har det vore kjempefint ute! Eg har gått tur på fjellet og det var friskt og godt! På vei ned att fekk eg litt sol også. :)
Det er fortsatt nokre dagar til vi kan nyte sola ved huset vårt, for vi bur på nordsida av fjellet. Men ho har kome på tretoppane rundt huset, so no er det like før! Det blir godt!

Men ute på øyane har dei hatt sola ei stund allereie. Her er det Haramsøya som badar seg i sola.
Biletet er teke frå altanen vår.


Tuva, Jonas og Sverre har det kjempekjekt ilag! Dei er nærmaste naboar med kvarandre. Her er dei ute attmed Ivar og flyg fjernstyrt fly. Ivar måtte ned i rusket å hente flyet medan desse luringane stod å såg på ;)


Ivar fekk tak i flyet igjen, og her går det litt bedre. :) Etterpå fekk alle prøve å flyge, og det var kjempegøy! (har ikkje bilete av det).


Det har blitt veldig populært å gjere seg til framfor kamera for tida...hihi.


Ivar vasker bil i godvêret. Etter han fekk seg høgtrykkspylar blir bilen vaska minst to gongar i veka...ja, bil er hobbyen hans. ;)






2 kommentarer:

Solveig sa...

Kjekt å holde på ute når det e so fint. Ser ut so det va kjekt for Ivar å få ver ute og leike sej litt med fly med ;-)

Nina sa...

Ja, han sei allti at han he kjøpt te han Sverre, men det e som regel mest til sej sjøl. :)
Han Sverre he nokre leike so e litt vel avansert for alderen...