søndag 18. januar 2009

Ut på tur, aldri sur

Vi er litt forkjøla her i gården for tida, til og med Martin har fått det...Men i dag hadde vi så lyst ut på tur, men vi ville ikkje ta ut Martin, so då gjekk vi kvar sin gong. Eg tok turen oppover Hildredalen, og då eg kom heim, gjekk Ivar og Sverre en tur opp i hjorteskogen oppom huset vårt. Vi kaller det hjorteskogen, for det er både liggespor og råser etter hjorten der.


Her står Ivar og Sverre rett bakom huset vårt. Det er kort veg ut på fjelltur! :)


Det er ganske bratt bakom huset, så ein treng ikkje bevege seg so långt for å sjå over hustaket. Sverre la merke til at vi har tre piper på taket! Det er nok skorsteinen, kjøkkenavsuget og ventilasjonsavkastet han såg.


Då dei kom ned att tok dei anledninga til å fylle på med dekorstein i muren vår langs oppkjørselen til huset. Eg hadde nemleg vore der å stjelt litt stein til ein dekorasjon på kjøkkenet, for eg fann ikkje sekken med steinane... :P



Sverre gjorde ein kjempejobb!

Ingen kommentarer: