Før eg henta dei kl 13, rakk eg først å vaske bad, vaske klede, støvsuge begge etasjene, lage brownies og cashewnøttsjokolade og lage fyllet til pizzaen vi skulle ete, pluss amming innimellom. Følte meg effektiv i dag!
Eg tenkte at Sverre og Bertine skulle få hjelpe til å lage pizzadeig, for dei liker så godt å bake begge to!
Etterpå kom Elin og Øystein bort og åt pizza med oss. Så til kaffien kom mamma og pappa oppom ein tur, for dei hadde vore på Moa. Og so kom Sunniva ein kjapp tur før ho skulle ta fergå ut på øya på fotballtrening. Det har rent fullt med besøk her i dag, og det var kjekt! :)
Eg gløymde heilt å ta bilde av besøket vårt, men eg har teke nokre bilder av bakarane og baksten :)
Martin låg fint på golvet å leika seg heile tida.

2 kommentarer:
Du verden, sku ikkje tru du hadde en liten en som krevde sitt når en ser på alt du rekk iløpet av en dag!! Og forresten so ser ej godt at du e døttra na Svanaug, so flink so du e på kjøkkenet;)
Jada, her gjeng det i ett! :)
Martin søv ein del tidlig på dagen åsso e han so rolig ellers mæ, so då fær ej gjort mykje visst ej stend opp når han Ivar fær på jobb og Sverre i barnehagen. Men det he vør daga oss ikkje he stått opp før kl 12, å då he dagen gått frå mej...men d e no so deili å søve leeenge!
D va no en bra ting å arve da, kjøkkentefta. Ej he spurt ho masse! :)
Legg inn en kommentar