torsdag 15. januar 2009

Skryteinnlegg ;)

Martin er ein veldig fornøgd liten kar. Vi har ikkje hatt ei einaste våkenatt sidan han kom heim! Eg har berre vore oppe for å mate, og så har han lagt seg til igjen.

Dei første vekene åt han ca kvar tredje time heile døgnet, men i det siste har han sove frå ca kl 23-24 til 05-06 (litt variasjon på siste måltidet før natta da). Så er det å gi mat, så kan han sove 3 timer til før han vil ha meir mat, og så sove endå 3 timer før det er morgon for han :) Vi har stått opp sånn kl 10-11 kvar dag. Deilig! Men det har mykje med smukken å gjere, for han kan ligge å småputre litt uten å våkne heilt, men får han smukken so søv han tvert.
Håper berre dette er rutina hans, og ikkje berre ei godperiode, hehe.

På dagen liker han godt å ligge på leiketeppet sitt å sjå på det som heng over han, men det er så kjekt å kose og dulle med han når han er våken, at det blir ikkje gjort so mykje anna likavel ;)


Martin smiler mykje no og det er så godt å få dette smilet imot seg! :D
Sverre har også fått litt meir selskap i Martin no når han får respons på det han gjer og seier til han. Og det ser vi Sverre synest er veldig kjekt!

Ingen kommentarer: