tirsdag 13. januar 2009

Filmredigering

Etter eg såg eit innlegg på Solveig og Kenneth sin blogg der Kenneth hadde laga mange DVD'ar av filmsnuttane dei har tatt dei siste åra, vart eg skikkelig inspirert!
Så eg investerte sporenstreks i Pinnacle studio og DVD'ar, innstallerte programmet og gledde meg til å laste over filmane våre og sette i gong. Men så kom en liten nedtur...eg hadde ikkje riktig kabel til å overføre frå filmkameraet vårt til PC'en! :/
Så eg har ikkje kome lengre, men Ivar stikk kanskje innom å kjøper ein på Moa i morgon, så då blir det nytt forsøk. :)

Eg er veldig spent på om eg får det til!

Ingen kommentarer: