Det er slett ikkje eit ukjent fenomen her i huset, for Sverre er av typen som ikkje står stille eit sekund. Når han skal gå, enten hopper eller spring han i staden. Det er vel og bra det, men bakdelen er at det resulterer som oftast i nettopp knall og fall. Dei aller fleste gongane går det heilt fint, han får i verste fall ein blåkul, men av og til, og det høyrer sjeldenheita til, så slår han seg skikkelig.
Vi har fått to skademeldinger frå barnehagen, der han ved eine tilfellet fekk ein kraftig Donaldkul i panna etter å ha dribba og slått panna i ein benk og andre gongen kutt i panna etter å ha velta på trehjulsykkel og slått panna i eit liten stein på bakken... :/
I dag var det nytt fall i barnehagen der leppa fekk gjennomgå. Han slo munnen i stonga på ein sykkel...

Kraftig bokseleppe dette! Han lager litt trutmunn her da, så det ser litt verre ut, men overleppa har fått seg ein skikkelig trøkk..
2 kommentarer:
å neimen stakkars lille sverre da... den lippå!! ja det gjeng før fort nåkre gonga me dinna karen der:) men sønst no likevel an e litt uheldig mæ, må no sei det.
bli vel blå mæ etterkvart tenke ej, men det gjeng vel bra;)
Ja, den hekje blitt særlig mykje mindre i dag heller...men det gjeng nok over som alt anna :)
Legg inn en kommentar