søndag 4. januar 2009

Juletrefest med søndagsskulen

I fjor haust starta det med søndagsskule igjen på Hildre. Der har Sverre vore nokre gongar, og det har han likt godt. I dag vart det arrangert juletrefest på Klippen der det er søndagsskule. Då måtte vi sjølvsagt møte opp! :)

Her er Sverre og Bertine (søskenbarn) klare for juletrefest!


Besta, Bertine og tante Elin koser seg og ser på skodespel om då Jesus vart fødd.


Dei som har vore på søndagsskule fekk lov til å komme opp på scena og synge dei songane dei har lært på søndagsskulen.


Sverre viser fram noko av det dei fekk i juleposane.


Så var det gang og sang rundt juletreet før vi drog heim. :)


Ingen kommentarer: