fredag 9. januar 2009

Legobygging!

I går brukte eg og Sverre kvelden til å bygge lego-brannstasjonen og dei to brannbilane Sverre fekk i julegåve med tante Aina, onkel Johan og Tuva.


Den vart kjempefin, og Sverre vart heilt oppslukt! Stasjonen var veldig innholdsrik, og her er nokre av elementa:


Vaskestasjon...


Hage som brannmennene steller sjølv, og det ser jammen ut som dei likar det og!

Kontor i første etasje med skyvedør og...


flott kontorpult med datamaskin. Visst du ser godt etter i bakgrunnen så har dei t.o.m. kaffetrakter! :D


Og eit kontor i andre etasje...


som også har kontorplass med datamaskin. :)

Men Sverre var så uheldig å velte ned stasjonen frå bordet så den knuste i mange biter...og krisa var fullkomen då eg sa at vi ikkje rakk å bygge den opp att før dagen etter! Sverre var utrøysteleg, men det var for seint på kvelden til å fikse den då.


Men då Sverre kom att frå barnehagen i dag, ja gjett! Då hadde "ho mor" bygd opp att brannstasjonen, så den stod fiks ferdig med biler og alt.
Då var gleda stor! :)

Ingen kommentarer: