fredag 2. januar 2009

Godt nyttår!

I år feira vi nyttårsaften på øya for første gong sidan Sverre vart fødd. Så det var på tide. :)


Etter middagen rakk vi et par slag med maxi yatzy før vi gjekk ut for å sende opp raketter.


Det er viktig med godt verneutstyr! Her går Sverre gjennom eit av rakettnetta for å sjå om det er nokre spennende raketter igjen. :)


Godt nyttår frå Nina og Ivar!


Eg og Sverre har fått oss stjerneskudd.


Det har tante Aina og onkel Johan også. Dei ser godt nøgde ut med det. ;)


Sverre og morfar ser på raketter. Det var kjempespennende å sjå kva fargar dei hadde og kor høgt smell det var!


Då alle rakettane var sendt opp, måtte stjerneskudda brukast opp også. Då måtte dei tennast på alle på ein gong, og det vart mykje brising! :)


Mormor og oldemor Jorunn var inne og passa Tuva og Martin. Her er mormor med to trøtte karer. Tuva hadde allereie sovna før vi starta på rakettane.


Dagen derpå var det tid for opprydning av alle rakettbatteria. Sverre og Tuva var kjempeflinke å hjelpe morfar med det.


Så leika dei i nysnøven etterpå. Noko av snøven gjekk visst i munnen også. :)

Ingen kommentarer: