torsdag 15. januar 2009

Måtte teste denne oppskrifta

Eg er av og til innom ei side med alle mulige oppskrifter på kaker og anna bakst som heiter www.detsoteliv.no . Der fann eg ei oppskrift som heitte "Verdens beste boller", og då Sverre lurte på om vi kunne bake i dag, var det klart at vi måtte prøve å lage desse bollane for å smake om dei verkeleg er verdens beste!


Her er resultatet. Oppskrifta var til ca 40 boller, men eg fekk 50. :)
Det som er litt spesielt med oppskrifta er at det er melis i staden for sukker, og deiga skal ikkje heve før ein triller ut boller, men dei skal etterheve i ein time før steiking.



Og dei skal serverast sånn! Med melis strødd over.

Og då er det store spørsmålet: -Er dei verdens beste?! Eg må seie at det er ein smaksak, men dei vart luftige og ganske så gode, spesielt med melis på! ;)

2 kommentarer:

Familien Lausund sa...

å!!! dei bollane såg no bare kjempego ut!!!! lure på om det bli baking her snart kanskje!!...hehe... blei veldi frista!!

Nina sa...

Hehe, ja ej måtte berre prøve!