søndag 1. februar 2009

Hyttetur

I går fekk vi invitasjon til søndagsmiddag i hytta til foreldra til Ivar. Det takka vi ikkje nei til ! :)
Hytta er oppe i Hildredalen, so det er ikkje långt, men det er lenge sidan vi var der oppe no. Ein kjempefin søndagstur!


Her er alle samla ved matbordet til kjempegod brennsnut! Det er Sverre, Bertine, tante Elin, besten, besta, onkel Terje, tante Norunn, onkel Øystein og Ivar.


Sverre og Bertine laga hytte i hytta. :) Dei hang dyna ned frå øverste delen av køyesenga og fekk eit koselig krypinn i nederste delen.

Dei hadde det kjempekjekt!


Eg og Martin slapper av i sofaen etter middagen.


Elin, eg, Øystein og Juno gjekk både opp og ned att. Sprekingane! ;) Det ser litt mørkere ut her enn det var...trur blitzen på kameraet gjer at bildet lyg litt.


Ingen kommentarer: