onsdag 18. februar 2009

Abstinenser

No er det snart to veker sidan eg baka noko sist, og i går meldte bakeabstinensane seg...so då vart det baking igjen. :)


Dette er surmelkskjeks, eller gammeldagse kjeks som det også heiter. Dei er veldig lette og kjappe å lage. Dei er litt seige i konststensen og veldig gode! Dei forsvinn raskt frå kakeboksa desse ;)
Greta (svigermor) bruker å lage desse og komme opp med ein del til oss, og det er kjempekjekt! Men vi likar dei so godt at eg har lært meg å lage dei sjølv og, hehe. ;)

Her er oppskrift for dei som vil prøve:

40g smør
400g kveitemjøl
250g sukker
5 ts hjortesalt
2 dl kefir

Smelt smøret. Bland alt det tørre i ein bolle, og bland i smør og kefir. Kna godt til alt mjølet er vekke. Elt ut deiga (den skal vere litt klissete) på godt mjøla bakeplate. Stikk ut rundinger med eit glas eller lignende 6-8 cm i diameter. Steik midt i ovnen på 190 grader i ca 10 min. Dei skal som sagt vere litt seige i konststensen.
Lykke til! :)

4 kommentarer:

Siv sa...

e det sånne so e gode med brunost på, eller et dåkke dei "in natura"?

Nina sa...

oss ejt dei sånn, men dei e go me brunost mæ ja. :)

Siv sa...

ok, då skal dissa prøvast i morgo:)

Nina sa...

Alt e gjort på ca tre kvarter inkludert steiking.