fredag 20. februar 2009

Karneval og besøk

I dag var det karneval i barnehagen, og då bestemte Sverre seg for å vere Lynet McQueen servicemann. Han fekk drakta i julegåve med Kaja, ei venninne frå då dei begge gjekk i Søvik barnehage. Vi har holdt kontakta, so dei er like gode venner endå, og det er kjekt! :)
Dei var forresten på besøk i dag, og vi kosa oss med kake og muffins. Og so hadde dei med eit spel som Sverre og Kaja hadde det veldig kjekt med! :)


Her er Sverre med servicemann-drakta si. Eller, det er vel eigentleg racerbilfører-drakt...Han hadde hatt det kjempegøy på karneval!


Då han kom heim, fann han ut at det gjekk an å leike romvesen med eine kjøleskapskuffa. :)


Her er "spelet" Oda (mor til Kaja) og Kaja hadde med seg. Det er ein hund med lopper i pelsen, og når ein trykker på halen, rister hunden pelsen sin. So er det om å gjere å ha flest lopper med sin farge igjen i pelsen. Gøy! :)


Her er Sverre og Kaja sist gong Kaja og Oda var på besøk. Å kle seg ut er ein stor hit med begge to! Spesielt sjørøvere er populært. ;)



I dag laga eg ei marengskake, men eg gløymde å ta bilde av den, så her er eit nærbilde av restane, hehe. :)

Det er ein marengsbunn med gul eggekrem og kremfløyte med frukt og bær på toppen. NAM! Eg har brukt blå druer og ripsbær, men ein kan bruke alt mulig. Berre fantasien som set ein stopper for kva ein kan bruke. Men det er godt med litt surt på toppen. Det skal også eigentleg vere høvla mørk sjokolade på toppen, men det gløymde eg...

I staden for eggekrem kan ein godt bruke vaniljekrem, det er likså godt!

2 kommentarer:

Stine sa...

Ser det er karnevals-tider på Hildre også. Kjekt for ungane det, og Sverre var no veldig tøff som lynet McQueen da!

Nina sa...

Hehe, ja d e kjekt me karneval. Spesielt kjekt va d dinne gongen, for han va sjuk forrige gong. Men då hadde ej og han karneval heime å kledde oss ut og åt risboller i stan. :)