lørdag 21. februar 2009

Prosjekt garasje

I dag har Ivar starta på prosjekt garasje! Vi har allereie fått støypt finplate, men det er fortsatt meir att...vi skal måle vegger og tak, i tillegg til at vi skal lage to eller tre boder i bakkant av garasja. Den eine skal vere matbod og den andre skal vere utstyrsbod, so får vi sjå om vi treng ei tredje bod til noko anna. All erfaring seier at oppbevaringsplass er høgst nødvendig!


I dag starta Ivar elta, eller lille måltrost som Sverre alltid har kalt den...aner ikkje kvifor han trur den heiter det? Og eg må flire når eg tenker på kva han ser for seg i songen om lille måltrost, hihi! :)


Det er dette Ivar har gjort på i dag. Tetta alle dei største mellomromma i leca'en, sånn at det blir tett og bedre å måle. Vi skal ha kvitt tak og ein lysgrå farge på veggane. I tillegg skal vi ha flis på golvet i bodene og kanskje rundt langs veggane ellers i garasja. Gøy med prosjekt! :) Gleder meg til å få boder og lys og lett garasje!

2 kommentarer:

Solveig sa...

Kjekt med prosjekt ja! Og det e det vel aldri slutt på når en he hus :-) Bli heilt sikkert kjekt med bode i garasja. Enig med dej i at en fær aldri nok oppbevaringsplass.

Nina sa...

Nei, tru d allti kjøm te å ver eit prosjekt på gong, men d e berre bra! :)