torsdag 5. februar 2009

Forberedelsane har starta!

I dag laga eg iskaka vi skal ha i barnedåpen. Det vart nonstopiskaka som eg laga tidlegare, men eg laga den med melkesjokoladenonstop i staden for mørk nonstop. Laga den i dag for å sleppe å lage so mykje dagen før. Og den skulle jo frysast likavel, so då fann eg ut den godt kunne lagast i dag.
Og når ein lagar is, so vert det eggekviter til overs, og det betyr berre ein ting: MARENGS!



Eg laga desse av 4 eggekviter og 2,5 dl sukker. Det vart 11 store marengser, men fire av dei reiste ganske so kjapt... ;)
Dei ser ekstra spennende og gode ut når ein bruker kremsprøyte i staden for skei når ein lagar dei! Men smaken blir like god uansett :)

5 kommentarer:

Solveig sa...

Du e bra flink å lage mat! Skal tru ken du e datra til... ;-)

Stine sa...

Åhhh..marengs er no så godt. Korleis steiker du dei? Lykke til med barnedåp.

Anonym sa...

Hei Nina, dei he å gle sej til gjestane dine i barnedåpen, mange fine kaker du he laga og testa ut! Den marengsen såg kjempegod ut;-)
Lykke til med dåpen!

Nina sa...

Takk!

Dei stod i ovnen i to tima på 120 grader. Visst an bruka for mykje varme bli dei brune. Ja, ej he hatt nåkre mislykka forsøk med marengs før... :)

Stine sa...

Tusen takk - skal prøve ditta.