lørdag 28. februar 2009

Ny runde med kjekslaging

Det har vore tomt i kakeboksa for desse sjokolade og peanøtt kjeksa no ei stund. Sist eg laga dei hadde eg ikkje natron, so dei vart litt seige. Men denne gongen hadde eg alt som skulle til, so no vart dei sprø og god! Dei var like gode sist og, berre anna konsistens. :)

Oppskrift ca 50 stk:

250 g smør
185 g sukker
185 g brunt sukker
2 ts vaniljeessens
2 egg
375 g kveitemjøl
300 g salte peanøtter
300 g melkesjokolade

Pisk sammen romtemperert smør og sukker. Pisk so inn vaniljeessens og egg (eitt om gongen). Bland inn mjølet til ei jevn deig. Vend inn heile peanøtter (treng ikkje vere salte da) og grovt hakka sjokolade. Sett små kuler (ei toppa spiseskei) av deiga på bakepapirdekka brett, og trykk dei litt flate. Pass på å ha litt rom mellom, for kjeksa flyt litt utover under steiking (det passer bra med 16 stk. pr. brett). Steik midt i ovnen ved 180 grader i ca 15 min (til dei er gylne i kantane).

2 kommentarer:

Solveig sa...

Kan tenke mej at dissa kjeksa ikkje fær ligge der so lenge! Dissa såg god ut!

Nina sa...

Ja, dei reise fort, men d som kjøm på raua reise ikkje like fort... ;)
Menmen, ekje d derfor an trimma da, for å kunne ejte litt sånt?! :)