torsdag 12. februar 2009

Henting i barnehagen

I dag tok eg med kamera då eg henta Sverre i barnehagen. Det er berre ein kjapp tur å trille å hente sidan skulen/barnehagen ligg tett attmed byggefeltet. No om dagane har ungane med seg akebrett og kjelker som blir flittig brukt når det er utetid.

Sverre er flink å drage kjelken sjølv.


Og spør han fint, so dreg eg han på flatene. Det er gøy!


På veg heim fann Sverre ein snøvklump som likna på romskipet til Kometkameratane!


Her har vi kome heim og satt inn vogna for å leike oss litt i snøven. :)


Det var ikkje so lett å sile seg i dag...det var vanskelig nok berre å finne sklia!



Ingen kommentarer: