onsdag 11. februar 2009

Restefest

I går hadde vi Linda, Per Kristian, Marius og Sarah på besøk. Dei ville heldigvis hjelpe oss å bli kvitt litt rester frå barnedåpen. Mandag hadde eg klubb med restefest, so no er det som var att etter begge restefestane kasta. Det er begrensa kor lenge ting held seg og. I dag er det endå eit besøk på gang, men no er det berre kakerester igjen. :)

Her er nokre bilder frå i går:


Her har vi fedrene med dei yngste i familiane på fanget. Sarah er 6 måneder snart, og Martin er 3 måneder i morgon. Dei kjem nok til å få det kjempekjekt på ferie ilag når vi skal til sørlandet i år!


Og her er to andre som kjem til å få det kjekt på ferie ilag! Marius blir fire år til våren, og Sverre blir fem i sommer. Her sit dei og koser seg med kaker og dessert!
Og med mykje sukker ombord, då ender det opp sånn:




Dei tok rennfart og hoppa over pleddet og ned på madrassa. Om og om igjen! Dei var heilt kokt etterpå. :)
Ein skal jammen vere glad for å ha sånne friskuser til unger! :D

2 kommentarer:

Linda sa...

Takk for at oss fekk komme og smake på koldtbordet og dei gode kakene :)
Marius storkoste seg ;)

Nina sa...

D va bra han vart varm i trøyå me en gong sånn at dei fekk leike sej masse ilag! :)