Fastelavnssøndag er markeringa av første dagen i innledninga til den 40 dager lange fasten som Jesus gjekk igjennom i ørkenen (eigentleg 45 dager, men ein fasta ikkje på søndager). Fastelavn består av fastelavnssøndag, blåmandag og feitetirsdag. Derfor har vi fastelavnsboller, for å feite oss opp til fasten.
Så starter fasten på askeonsdag.
Karneval som barnahagane og skulane har i desse tider er og forbundet med fastelavn, som feiring av fruktbarheit og den gryende våren. Ekte karneval skal vere ferdig feira før askeonsdag.
Og så har vi fastelavensris som og har ei historie om fruktbarheit. Marker, dyr og mennesker blei risa med desse kvistane for å bere frukter.
Vi vart invitert ned til folreldra til Ivar på kaffi og boller i dag. Men før det tok eg meg ein tur på fjellet, og det var vått i dag! Her er nokre bilete frå turen:



Og då eg kom heim starta eg på middagen, og i mellomtida tok eg og Sverre å dryppa lys! Det er noko eg ikkje har gjort sidan eg var lita, og kom plutselig på det. :) Sverre lurte fælt på kva det var å dryppe lys, og han starta med godt mot, men det var visst ikkje like gøy for han som det var for meg...han vart lei før han hadde dryppa frå seg det første bildet.

2 kommentarer:
Dryppa ikkje du lys på hybel'n vår du?
Kanskje d va berre ej og Anne d... Du tilbringte vel halvparten av tida på Hildre du ;)
Hehe, trukje ej dryppa lys på hybelen nei...
Legg inn en kommentar