Denne helga har vi vore ute på øya med mormor og morfar. Fredag var vi i familieselskap i Søvika og laurdag tok vi turen utover på øya. Laurdagskvelden var Sverre, Ivar, tante Sunniva og onkel Jan Egil ute å laga snøhytte og gjekk på ski, og søndag var eg og Sunniva ute å rann oss medan Sverre og morfar drog på Haramsøya for å møke snøv borte med oldemor Jorunn. Då dei kom tilbake tok dei ein tur oppi skitrekket på Flem for å renne på kjelke.
Her er nokre bilder frå helga:

Mormor får ein god kos med Martin!

Tante Sunniva og Martin koser seg ilag.

Sverre fekk onkel Jan Egil til å leike karusell med han i stolen, og då såg det sånn ut:

Full fart!

Oldefar ville sjølvsagt halde Martin han og. :)
Eg var ikkje med opp til trekket i dag, so eg har ikkje bilder frå i dag, men her er nokre bilder derifrå i påska i fjor:
Det er ein flott akebakke dette, med oppdrift og greier!

Sverre og morfar på veg opp.

Og Sverre og pappa på veg ned. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar