På kvelden etter festen var det godt å få kvile seg litt på sofaen før vi rydda opp siste resten. Eg fekk god hjelp til å rydde vekk maten og tjørelda av mamma og Greta. Tusen takk!
mandag 9. februar 2009
Då var dåpen unnagort
Ja, då er Martin døypt! Han var kjempesnill i kyrkja, ikkje eit pip då presten hadde vatn på han eingong! :)
Her er dåpsbarnet i den flotte kjolen som oldemor Thea strikka for mange år sidan. Den har vore brukt til mange dåpsbarn i familien. Sverre hadde den i sin dåp også.
Her er heile dåpsfølget samla i kyrkja. Det er berre oldemor Thea som ikkje er her, for ho kom seg ikkje avgårde til kyrkje, men ho var på festen etterpå ho og. :)
Her er foreldre, barn og faddere. Tante Norunn bar Martin til dåpen. Fadderane er mormor, morfar, besta, besten, tante Norunn og onkel Terje.
Og so har vi kakebordet! Eit skikkelig Sunnmørskakebord (ei halv kake på kvar). :) Til middag hadde vi koldtbord, og det er alltid like godt! Eg skal ha klubb i dag med restefest, so får vi vel unna ein del av maten og kakene frå i går! :) Vi skal ha venner på besøk i morgon og onsdag for å ete opp kakene ;)
Her er Martin-kaka. Kjempesøt!
Sverre og Bertine hadde teater. Dei liker veldig godt å kle seg ut!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
Gud ka søt an Martin va der!!! heilt herlig. An e no berre so snill dinna karen der.
Va en veldig kjekk dag sjøl om mej for litt før enn dei andre. Va kjekt. Masse god mat;)
Tenkte at ej i tillegg måtte kommentere at det ikkje berre va Thea so mangla i kirka, men Aina, Johan å Tuva mæ;) he he.
Kjempefin dåpsgutt!!
såg ut som dåkke hadde en flott dag!
Ja, hehe, dei mæ mangla. Men d va domt dei vart sjuke! Hadde vør kjekt om dei mæ var der. :)
Legg inn en kommentar