Trur ikkje vi hadde trengt fleire kaker enn denne for å mette alle eigentleg, men det hadde blitt litt ensformig. :)
No er eg ferdig med dei kakene eg skal lage, og i tillegg skal vi ha to andre kaker og eit par desserter som andre ville lage til oss. Kjekt at folk vil hjelpe til! Men det blir som regel ein god del for mykje av det og, som Sunnmørskakebord flest ;)
Til middag skal vi ha koldtbord, og det har mamma og mor til Ivar styra med. Eg har berre sagt kva vi skal ha, og dei ordner ut. Det er veldig kjekt! ;)
Tusen takk mamma og Greta! Og til Norunn, Elin og Sunniva som alle disker opp med sine spesialiteter. :)

2 kommentarer:
Du e flink ;)
Kakene ser kjempegode ut :)
Lykke t me dåpen i morga!!
Såg ikkje låk ut dinna kaka der da... Heilt sikkert KJEMPEGOD!
Gratulerer med dåpsdagen!
Legg inn en kommentar