torsdag 26. februar 2009

Fridagar

Onsdag var barnehagen stengt. Då var Sverre so heldig å få vere med pappa'n sin på jobb! Sverre har ei formeining om at jobben til Ivar er å vere i selskap, hihi! Det er fordi kvar gong han har vore med Ivar på jobb, så har det vore møte med kaffi og kjeks. :P
Han kunne ikkje vere heime med meg og Martin da, for vi skulle innom på jobben min ein tur. Eg vart tilkalla for å bistå med litt support på tegningsprogrammet vårt. Kjekt å treffe gode kollegaer/venner igjen! Vi er meir som ein stor familie. :)

I dag skulle egentlig Sverre i barnehagen igjen da, men då Ivar stod opp for å fare på jobb, då sovna vi igjen og vakna ikkje før kl 09.00. So då lurte eg berre på om Sverre ville ha ein fridag til, og han var ikkje tung å be. ;)
Han har det vedlig kjekt i barnehagen, men det er litt stas å få vere heime med mamma og Martin. :)
Vi var ein liten tur ned til barnehagen likavel, for vi måtte levere søknadsskjema om barnehageplass til Martin før fristen 1.mars. (Det er planen at han skal starte til november.) På veg ned stakk vi innom Jonas for å høyre om han ville bli med. Han hadde også fri.


Då vi kom opp att frå barnehagen vart Jonas med inn til oss. Han og Sverre er like gamle, og gode kompiser med like interresser, deriblant Kaptein Sabeltann og sjørøvere! Her har dei leita fram dei to skutene til Sverre. Dei såg også film og kosa seg med popcorn. :)

For ein kjekk dag det har vore! :)

Ingen kommentarer: