torsdag 25. juni 2009

Bademoro

Eg og Martin tok oss ein tur på besøk på jobben min i dag! Det er så kjekt å treffe igjen "den andre familien" min. :)

Etterpå henta eg mormor uti byen, så for vi på Moa. Der kjøpte mormor ei vannsklie til Sverre som sjølvsagt måtte prøvast ut med ein gong! :D


Eg og Sverre i aksjon. Det er første gongen eg har prøvd ei sånn, og det var utrulig gøy! Vi prøvde mange gonger med nokre pauser innimellom. Eg er i ei litt anna vektklasse enn Sverre kan du sei, så eg fekk mykje større fart og flaug langt forbi stoppekanten! Hahaha! :D



Martin var heldig og fekk smake is med mormor idag! Han likte det veldig godt sjølvsagt og vart nesten sur då han ikkje fekk meir, hihi. :) Litt skarpt lys ute i dag da, så no må vi berre skaffe oss ei markise!!

Ingen kommentarer: