lørdag 6. juni 2009

Effektiv og koselig laurdag

Det var flott vêr for arbeid i hagen i dag. Ikkje for varmt, men likevel sol og fint! Mormor tok turen over med ferga for å passe Martin, og eg og Sverre henta ho på Skjelten. Det er ikkje så enkelt for meg og Ivar å jobbe i hagen ilag sidan Martin er så liten endå, så da er det veldig kjekt med barnevakt! Sverre styrer seg mykje sjølv, så han er rundt omkring og ut og inn uten noko styr. Vi fekk gjort utruleg mykje i dag når vi fekk samarbeide uten andre forstyrrelsa enn ei og anna ammepause.
Vi fekk til og med vaska gulv og tørka litt støv inne medan vi var ute og jobba! ;) (tusen takk mamma/mormor). :)
Mormor tok seg ein god trilletur med Martin og stakk innom oldemor Halldis for å helse på ho.
Det har vore ein kjekk og effektiv dag i dag, takka vere mormor som tok seg ein tur for å passe unger. Tusen takk! :)

Her er vi i full gong med grunnarbeidet for plata som skal støypast. Her er det planer om ei lysthusliknande bygning og kanskje badestamp etterkvart. Men i år blir det nok med støyping av plata og støttemur i bakkant. I dag har vi teke ein god del spadetak og vatra opp forskalinga a'la Ivar (samansveisa stålplater), og fylt opp med x antal bøtter og trillebår med stein og singel. Det vart nokre turar nedom huset til singelhaugen og opp att på baksida av huset for å fylle opp inni stålramma! Puh. :) Men no er det gjort, og det er klart for armering og støypebil!

Bilder av ungane i dag. Sverre venta spent på mormor i bilen. Martin har fått testa gåstolen dei siste dagane og stortrivst! Så er det Sverre med sine krumspring. Å stå på haudet og sjå tv er det siste no. :)

4 kommentarer:

Siv sa...

Sat ilag med Svanaug på ferja, oss:) Mej he ikkje pakka ut markisene enda, men synest dei va både fine og såg "solide" ut. Va grå duk, og når dei va innsveiva, so va heile markisa gøymt inne i boksa. Skal ta bilde når mej fær dei opp, men ikkje sett dej ned og vent på det;)

Nina sa...

Hehe, nei, d skakje ej gjer. Fær sjå i Bohuskatalogen :)

Stine sa...

Så kjekt med ei snill mormor da som stiller opp. Tenker det blir stell på hagen hos dåkke ja. Kjempeflinke. Får vel sjå resultatet på bloggen etterkvart.

Vibeke sa...

Dokke e flenke :D Sku ønske oss va komt like langt på våre hageprosjekt.... kjekt når dissa mormor`ne kjem på besøk og passa unga ja ;D