Vi tok turen ut på øya i helga for å nyte sommervêret. Vi har grilla, bada, sola oss og berre nytt dei fine dagane!

Sverre har bada både i plaskebasseng og i havet. Sverre elsker å bade! Fredag vassa vi i fjøra på Flem og søndag var vi i vikane. Der var vi ilag med Linda, Per Kristian og Marius. Martin og Sarah sov heime med kvar sine mormor og morfar. Eg har ikkje bilete derifrå sidan kameraet gjekk tomt for batteri, men eg kan tenke meg det kjem bilete på Linda sin blogg. ;)

Vi gjekk over marka for å sjå på hesten som har kome til naboane på Flem. Den var veldig fin! Sverre mata den med gulrøtter og greier, litt skeptisk, men han syntes det var spennende allikevel. Litt større enn oksane til morfar denne hesten. ;)

Vi har berre nytt varmen ute heile dagane, og Martin har berre hatt korterma body på seg nesten heile tida. Det er ikkje kvardagskost det altså! Tante Sunniva og onkel Jan Egil var på øya i helga dei ôg, og oldemor kom bortover på søndag, så vi har hatt eit skikkelig familietreff. Kjekt å møtest sånn og ta livet med ro! :)

Sverre får berre meir og meir selskap i Martin no. Her har dei ei kosestund på teppet på altanen. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar