Det er vel to-tre år sidan vi besøkte dei sist, så det var på tide! Stine hadde feira 1 år dagen før, så vi var heldige med valget av dag (kakerester). ;)
Vi fekk sett Stine for fyrste gong og dei to andre var blitt veldig store sidan sist! Så fekk dei sett Martin for fyrste gong, og dei syntes Sverre var blitt stor gut han ôg! :)
Det vart ikkje tatt noko bilete sidan kameraet ikkje var med på tur...typisk.
På Plantasjen fekk vi handla litt jord, planter til det nye steinbedet, ein hagegnom med lykt (solcelle) og ein elektrisk flugesmekker som Sverre la sin elsk på. Det var ikkje før etterpå at vi las advarselsteksten...Det er to vanlege A4 batteri inni, så vi trudde ikkje det kunne vere store støyten i den, men den fungerte på flugene da, sjølv om somme berre besvimte og nokre gnistra det av. Det er ein liten durelyd i den, og elektroutdanna som eg er var det umulig å la vere å ta på den. Og det var ikkje fritt for litt støyt i den du! Det kjentes ut som når ein tek sånn blodprøve i fingeren, så den bør nok ikkje ligge framme og slenge...
På biletet er Ivar på insektjakt. :)

3 kommentarer:
Eg var på sjukehuset ilag med Linda og Stine:) Stine er fødd dagen før Hedda. Dissa flugesmekkarane e skumle.. Ej he lagt vår sin langt inni skåpa...
Å, so gøy da! :D Ivar jobba attme han Steffen før, d e derifrå oss kjenne dei. :)
Ja, trukje den bli tatt fram so ofte...
Ka kjekt at dokke besøkte Linda og Steffen da. Kan ikkje skryte på oss at oss he vør der for ofte...
Tida går so fort, Stine er alleirede fylt året, om ikkje so altfor lenge er det Frøya sin tur og plutselig er det Martin sin tur.. Nei, oss fær nyte den tide dei e små..
Legg inn en kommentar