onsdag 10. juni 2009

Betongbil i dag

I dag kom det betongbil og pumpebil for å fylle betong i forskalingane våre. Vi var litt spente på om krana til pumpebilen kom til å rekke heilt bak huset, for det er eit lite stykke bak dit. Men det gjekk heilt fint! Utruleg rekkevidde på den pumpebilen. Endeleg har vi fått støypt!! Ei bør er letta frå skuldrane våre no, puh! :)
Sverre var heime frå barnehagen for å få sjå betongbilen, men det var visst ikkje så stas som eg trudde, for han hadde sett den før sa han...Han var gira og var ute i starten, men gjekk inn å leika seg etterkvart, for han fekk ikkje springe og styre der han ville. Eg og Martin fulgte med frå altanen. :)

Og då vi venta på at bilane skulle gjere seg klare, kom Kjersti på besøk! Kjempekoseleg! Det er veldig lenge sidan vi traff kvarandre sist, så det var eit hyggeleg gjensyn. :)


Her står pumpebil og betongbil framfor huset. Så har vi tatt fram teleskopkrana vi har i skorsteinen vår, hehe. :)


Her er Ivar, Ragnar og kranføreren i full sving. Etterpå var det tid for å stryke plate og fundament. Det kom sjølvsagt ei kraftig regnbyge midt i arbeidet, men det gjekk heldigvis fint allikevel. No ligg betongplata og kviler seg under plast. Det blir spennende å ta av forskalingane og sjå resultatet! :)

2 kommentarer:

Linda sa...

Blir bra ditta... Oss kjem å ser en dag.
kor koselig me besøk av ho Kjersti da ;)

Nina sa...

Ja, oss håpe det bli det! No he oss bestilt stein te støttemuren mæ, so om eit par veke ska ej bjønt å stable!