fredag 12. juni 2009

Dugnad

I dag kl 18.00 var det tid for dugnad! Barnehagen har ei "kasse" som vi foreldra samlar inn pengar til i hovedsak ved å arrangere tombola og ha issalg på 17.mai. Vi brukar pengane til å investere i leikestativ og utflukter for barnehagen. Vi velger to foreldre som har ansvar for kassa og nokre andre praktiske ting.

Vi har nylig kjøpt ei sklie med klatrevegg som vi hadde dugnad på i fjor og no var tida komen for å få oss ein gapahuk! Eg tok med meg Sverre, målband og ei sag og tok turen ned til skogen ved fotballbana. Ivar og Sverre var der for to veker sidan og bar pukk og i dag var det saging, spikring og steinbering som var på plakaten. :)
Ingen av oss har vore med på bygging av gapahuk før, og teikningar finst ikkje, så den blir sånn vi trur det skal vere, hihi. Den er iallefall firkanta med skråtak, så noko har gått rett føre seg! :)

Stor skryt til Amanda og Gertrud med familier som har stått på utenom dugnadane ôg for å få det til! :)

Eg gløymde å ta med kamera, men det skal nok kome eit bilete eller to av gapahuken når den er ferdig iallefall!
Dugnaden fortsetter i morgon, så det kan hende det blir teke nokre bilete om vi skal ned igjen då. Dugnad er kjekt det når det møter opp folk! :)

Ingen kommentarer: