Sverre og Bertine i fjøra. Det er leiting etter krabbe og andre vesen som står på plakaten når ungane samlast i fjøra. I år tok Ivar dei med på båttur for å sjå på bålet frå sjøen, og det var stor stas! :) På biletet til høgre ser de nausta i bakgrunnen på rekke og rad. Eit lite koseleg samfunn. ;)
Her sit vi inne i naustet "vårt" og nyt grillmaten. Tante Elin og onkel Øysten har visst sett noko spennende. :)Martin likte seg veldig godt nede i havna, men då han vakna i vogna si etter ein liten dubb, var han heilt utrøysteleg! Vi er ikkje så vande med at han skrik noko særleg, og eg har aldri høyrd han skrike sånn før, så vi ante ikkje kva som var gale.
Vi trudde det var mageverk, tenner, svolten og ellers det dei bruker å skrike for, men ikkje noko hjalp noko særleg.
Så Ivar køyrde heim att meg og Martin, og vi var ikkje før komt inn i bilen før Martin var seg sjølv igjen, smilende og glad...?
Då vi kom heim byrja eg å tenke at kanskje Martin vakna og ikkje kjende seg att? Det har skjedd ein gong før då han vakna i korga si og eg hadde flytta den medan han sov...
Ikkje veit eg, men eg har inga anna forklaring. Så det vart ei litt brå avslutning på feiringa for min og Martin sin del, men Ivar og Sverre fekk feira frå seg ilag med dei andre da. :)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar