Men i går vart eg ganske overraska! Før eg gjekk til sengs i går tenkte eg at eg skulle sjå om matmonsen var å sjå, og der...
...stod den med to små unger!! Eg sprang og henta kameraet, lista meg ut på altanen for å få eit bilete eller to! Det vart litt dårleg kvalitet på det første biletet, for det var uten blitz, og då klarte eg ikkje å halde det stille nok. Men dei høyrde sjølvsagt knipset og alle sprang til kvar sine kanter! I forfjamselsen fekk eg switcha over til blitz og knipsa eine dådyret i fullt firsprang (litt flaks må man ha). :)Dei hadde forsynt seg grådig av eine Thujaen...men det går ikkje an å vere sint på ei mor med to små søte unger som berre leiter etter mat da! (men MÅ det vere i akkurat vår hage?) ;)

2 kommentarer:
Du skal ta det som et kompliment at disse fine dyra vil spise i hagen din, Nina! Vet du at Rådyra parer seg i juni, juli og august, men dersom det føler at forholdene ikke er gunstige for å sette en kalv til verden kan de utsette tidspunktet hvor egget blir ført inn i livmoren og fosteret starter å utvikle seg? Det gjør de for at avkommet skal kunne komme til verden på et mest mulig gunstig tidspukt for både mora og ungen(e). Så de går gravide mellom 9 og 10,5 mnd. Er ikke det en fantastisk egenskap?? Så denne rådyrmora har funnet hagen din trygg og "matfull", og dermed er hun ikke redd for å sette unger til verden! Det er jo flott!! Synes du ikke?
Du kan so mykje om naturen du Hege! Ej såg dei igjen i dag. Dei berre traska rett ut ta "skogen" (treklase) nedom huset vårt sjøl om ej stod rett utføre å lødde stein. Ho vart litt overraska då ho såg mej da, og ej va minst like overraska over å sjå dei midt på lyse dagen kl 11! Ja, her e mykje godt å ejte på her i hagen vår, å ette ej såg ho hadde unga so e dei velkommen, men oss hadde tenkt å ejte jordbæra sjøl. Berre dei ikkje tek sukkererterne! ;)
Legg inn en kommentar