Sverre og Martin starta dagen med litt syskjenkos i sofaen med pledd og greier. Ivar var snill og stod opp med dei i dag så eg fekk sove litt lengre. ;)
Så fortsatte dagen med å bake boller etter vi hadde ete frukost.
Vi måtte sjølvsagt grille i dag i finevêret. Vi hadde dei tradisjonelle sommerkotelettane, men Ivar tok heilt av og prøvde seg på grilla scampi. ;) Sverre og Martin fekk kjøttboller på grillspyd (Martin fekk berre ein liten smakebit da, godt mosa). Det falt i smak med begge to. Så hadde vi marinerte poteter (sånne ferdigkjøpte i aluminiumsform). Veldig gode!Sverre fann fram plasterlinen sin og laga to kjempestilige figurer! Sjekk den med rosa støvler og grøn hatt da! Hihi! :D
Så litt hage sjølvsagt. Måtte berre ta bilete av ei humle som summa rundt i Fuchsiaen vår. Fekk eit litt artig bilete sjølv om humla vart uklar, men det var det som var litt stilig syntes eg!På sukkererterne ser vi no det første tegnet til skolmer. Det kjem bittesmå knopper der blada og stammen møtes.
Og eg har starta på eit nytt prosjekt. Steinbed. Eg har kome eit godt stykke med steinstablinga, men dette er eit "før"-bilete. Det kjem "etter"-bilete når eg er ferdig.
Ivar har fjerna forskalingane i dag, så no skal vi starte med graving bak murane for å legge drensrør, og fredag kjem forhåpentligvis steinen til støttemurane. Mange prosjekt på gang her i heimen for tida! :)

2 kommentarer:
Ditta bildet av bia va skikkelig stili!!
Du e flink å få forevige sånne dyr/insekt i bevegelse du. Huska ditta fuglebildet ditt me...
D va bra dåkke minnte oss på dinna hytteregninga. Oss fann den t slutt på laurdag... Rett framfor nasen på mej nede på datarommet.
Ser ut so dåkke he hatt en koseleg laurdag ;)
Hehe, ja d e som regel sånn at d ligg rett framføre nasen! :)
Gle mej te oss ska på tur!!
Legg inn en kommentar