torsdag 4. juni 2009

Dagens fangst

Sverre har ei (u)vane på badet med å kaste alt rundt seg, klede, leiker og kva det no måtte vere. Vi har sikkert sagt tusen gongar at noko kjem til å havne oppi doen snart, men øyrene er stengde...
I dag skjedde derimot det uunngåelige. Eit refleksband havna i do. Og for eit ramaskrik! Hjelpe meg, eg trudde det hadde skjedd noko alvorleg gale!
Eg var på vaskerommet vegg i vegg med badet (og trudde han sat på do), og eg kasta frå meg det eg hadde i hendene og var inne på badet på sekundet! Der stod han å hylte så tårene spratt. Han fekk ikkje fram eit ord, men av fektinga med hendene forstod eg til slutt kva som hadde skjedd.
Han trudde det var det siste han hadde sett av det, men etter eg fekk roa han ned to hakk, henta eg eit sugerør og fekk fiska opp att og vaska refleksbandet. Kva har ein ikkje ei mor til? ;)

2 kommentarer:

Siv sa...

Hehe, he ramla en del ting i do her i huset mæ, for oss he ei hylle over doen.. Ej brekke mej når ej fiska opp att tinga, for ej synest det e so otidig... jada, ej e sjukepleiar og jobba på gamleheim;)

Nina sa...

Hehe, hadde vør litt eklere visst han ha gjort frå sej først. :)