Her er kåken. Skikkelig koselig! Og så denne firkløveren, den har ei artig historie! Sverre hadde sprunge på marka og kom hoppande inn på platten. Han hadde fått noko mellom tærne som han kosta av seg. Då eg såg nærmere etter var det ein firkløver! Det må eg seie var noko utruleg, å få ein firkløver mellom tærne. Rett nok ein litt pjuskete, men like godt ein firkløver! Eg har aldri funne ein, sjølv kor mykje eg har leita i mine barndoms år. :)Vi gjekk ein tur på leikeplassen på campingen, las litt bøker, gjekk tur og berre kosa oss heile dagen! :)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar