I dag var det avslutning i barnehagen med grillfest. Det var utdeling av mapper med det dei har jobba med i løpet av året til dei som skal byrje på skule, utdeling av blomster til dei barnehageansatte og i år hadde ungane øvd på ein song, Dyrene i Afrika, som dei framførte til oss! Kjempegøy! :)

Sverre hadde oppgåva som den store elefanten! Martin sat som vanleg kjempefint i vogna si og fulgte med på det som skjedde, så tok han seg ein dubb. ;)
Det var populært å grille ved grua. Det var i tillegg to griller opp ved skulen der alle sammen sat og koste seg med grillmat. Flott dag! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar